top of page

MULEVIKA

INFORMASJON

Mulevika er eit stort og flott klatrefelt. Eit av dei mest komplette. Her finn du ruter av alle slag. Både lette og vanskelege kile og bolte -ruter. Feltet ligg idyllisk plassert og rommer mange ruter. Fjellet er fast og teksturen på fjellet er svært bra. I sesongen 1999 vart det fokusert for det meste på sektor C og E. Sektor C har fått mange flotte bolteruter, medan sektor E fekk mange fine kileruter. Det har og vore litt aktivitet i andre delar av klippen, men det finns førebels ikkje nokon skisser for desse rutene..

 

Kan opplyse om at sektor E hadde steinfall i juni 2021 og må sjekkast nærmare ut før vidare bruk.

Like ved feltet er det meget egna å sette opp telt og nyte solnedgangen etter ein dag på feltet. 

ADKOMST

Køyr mot Fosnavåg. Følg skilting fra Fosnavåg mot Nerlandsøy. På Nerlandsøy køyrer du mot Kval- svik. I Kvalsvika tek du av til venstre i det einaste krysset der. Køyr over eit eid før du kjem til ein stor snuplass. Parker her. Gå gjennom grinda, og gå mot klippane til venstre ved enden av Vollen. Omlag 15 min å gå

KLATREFØRER

bottom of page